Å kunne lese er ei av dei grunnleggjande ferdigheitene som blir vektlagt sterkt i barneskolen. Dei andre grunnleggjande ferdigheitene som å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, kunne rekne og bruke digitale verktøy er sjølvsagt viktig. Men ferdigheita å kunne lese har likevel fått ein meir styrket posisjon, blant anna i norsk og andre fag. Denne ferdigheita er med tida vorte meir utvida og presisert i fagplanane (Traavik;2009:23). Å kunne lese er kjempeviktig, men viss ein ikkje forstår det ein les skapar det problema. Forstår ein ikkje det ein les får ein ikkje med seg bodskapen til teksta, man får ikkje nytte av innhaldet. Ivar Bråten definerer leseforståing slik: «leseforståelse innebærer å utvinne og skape mening ved å gjennomsøke og samandle med skreven tekst» (Bråten:2007;11). Mange elever i dag «les for å lese" som det heitar. I praksis har eg opplevd at mange elevar har dårleg leseforståing. Det vil seie at dei ikkje får med seg det dei les. Viss ein fortset ut barneskolen med dårleg leseforståing vil det påverke vidare studiar, for nesten all informasjon skjer gjennom tekst, både i kvardagen og på skolen. Korleis skal ein lære ved å lese fagtekster når ein ikkje forstår det ein les? Ein annan ferdigheit som har fått stor merksemd i dag er å kunne bruke digitale verktøy. Dette er kanskje ikkje så rart da vi lever i eit samfunn der det digitale spelar ei avgjerande rolle i vår kvardag: vi sender e-post, leverer inn oppgåver på nettbaserte plattformer, vi snakkar og sender meldingar med mobilen, vi søkjer opp informasjon på nettsider, brukar GPS til å finne vegen, spelar spel på konsollar, PC og utalt mykje anna. Det er med andre ord umogleg å ikkje kome borti digitale verktøy i kvardagen, og spesielt digitale tekstar. Digitale verktøy blir mykje brukt til å formidle tekst, som da blir til digital tekst. Å lese ein e-post, å sende og lese meldingar og spele spel, å sjå på TV er digitale tekstar som vil formidle eit bodskap, eit innhald. Og med tanke på det eg nemnde, kan vi førestille oss kor mykje digital tekst vi kjem borti i løpet av ein dag. Det er praktisk talt overalt
Det skal ikkje skjulast at barn og unge er særs engasjert og
interessert i det teknologiske, og at det er noko dei har vakse opp med og blir
«utsett» for kvar dag. Kan vi bruke denne interessa i det digitale til fordel
for leseforståing? All føresetnad for læring er motivasjon og ynskje om å lære. På denne måten kan digitale tekstar
i klasserommet virke innbydande og spennande for barn og unge, som i seg sjølv
kan vere med på å auke leseinteresse og vidare leseforståing. Dei aller fleste
skolane i Drammen har installert SmartBoard som er ein interaktiv tavle som koplas
opp til PC. Alt ein kan gjere på PC kan ein gjere på tavla gjennom å bruke hende
eller «tusjar». Her kan lærerar finne fram tekst, oppgåver, spel og leiker på
internett som kan være eit skritt på vegen mot betre leseforståing. SmartBoard
kan bruke digitale tekstar ved til dømes å finne eventyr eller andre tekstar på
internett. Læraren eller elevane kan til dømes lese tekstar høgt for klassa,
mens dei andre følgjer med. Eller
læraren kan vise ei tekst for klassa på SmartBoard og steg for steg ta for seg
teksta og involvere elevane. "Kva fortel tittelen oss?" "Kva
blir meint med dette avsnittet?" "Kan du summere opp kva vi har lese
så langt? "Kva blir meint med..." "Kva er nøkkelorda her?"
"Kva er det viktigaste du hugsar frå teksta". Og medan elevane svarar
på spørsmål og kjem med innspel kan du både peike, klippe og teikne i teksta,
alt etter kva du treng å gjere for å auke elevane si leseforståing. Dette er berre nokre få døme på korleis ein kan auke leseforståinga gjennom
bruk av digitale tekstar. Det finst utalde mange måtar å bruke digitale
tekster, og som sagt finst det mange morosame spel og leikar på internett som
stimulerer lesing og leseforståing.
Kanskje er det ikkje så dumt å involvere elevane i
diskusjonen rundt digital tekst, og høyre på meiningane deira og tankar rundt
tema? Elevar i dag må uansett bli flinkare til å setje ord på eigen læring og
lærevanskar.
Kjeldar
Hilde Traavik, Oddrun Hallås og Anne Øvring, Grunnleggende ferdigheter i alle fag, universitetsforlaget, 2009
Ivar Bråten, Leseforståelse. Lesing
i kunnskapssamfunnet – teori og praksis. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag,
2007
http://www.udir.no/
http://www.udir.no/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar